Ny eigar av Tysnesingen.no
4/1/2013 13:02
14. januar overtek Tysnes Industri AS eigarskap og drift av Tysnesingen.no
Tysnesingen.no er ei side av og for folk som er interessert i Tysnes og kva som skjer her. Imponerande mange personar nyttar sida dagleg. Sida tek på ein enkel og positiv måte pulsen på Tysnes-samfunnet og er ein nyttig informasjonskanal.
Mange lesarar skriv små reportasjar og sender inn bilete og helsingar. Marknadsplassen er flittig i bruk og lesarane tipsar om ulike hendingar. Bedrifter annonserer og informerer, og saman er alle med på å skape ei god og levande nettside. Eit slikt positivt engasjement er sida avhengig av også framover.
For oss byr overtakinga av Tysnesingen på mange spennande utfordringar og muligheter som me gleder oss til å ta fatt på. Me har som mål å drifta sida vidare på same måten som Gunnar har gjort, og tek sikte på å oppdatere sida like ofte som i dag. Tysnesingen.no skal få behalda sitt særpreg, og på sikt vil me også utvikla sida.
Marknadsplassen vert som tidlegare heilt gratis å bruka for privatpersonar, og det vert ikkje lagt opp til privat sponsing frå lesarane.
Sida vil framleis vera avhengig av reklameinntekter, og me håper at alle bedriftene framleis ser verdien av å marknadsføre seg på sida.
Å drifte Tysnesingen.no er ein omfattande jobb. Sida vert oppdatert til «alle døgnets tider» og krev mykje arbeid. Om sida hadde vorte lagt ned, trur me det ville vore eit sakn for alle som brukar sida.
Dette kunne me ikkje la skje!
Me skal gjere vårt ytterste for at Tysnesingen også framover skal vere ei aktuell, god og levande nettside!
Helsing
Ole Johannes Støle, Hilde Marie Sæverud-Mehammer, May Britt Meland og Jostein Mehammer.
Praktisk informasjon: Fram til 14. januar tek ein kontakt med Tysnesingen som i dag. Den 13. januar vil det koma opp informasjon om ny kontaktinformasjon til Tysnesingen.no. Det vil som i dag kun verta eit tlf. nummer og ei mailadresse å forhalde seg til.