Ny bunad til Tysnes
12/7/2010 06:37
Mange interesserte hadde funne vegen ut frå folkehavet under Tysnesfest, og opp til den idylliske garden i Uggdal, for å læra meir om bunadane våre, og for å sjå den heilt nye bunaden frå Anna Skaar.
Skaar har lagt ned eit omfattande arbeid med å rekonstruera dei gamle bunadane som vart brukt på Tysnes før i tida. Bak kvar del av drakta ligg mykje gransking av gamle kjelder, som biletmatriale, i form av fotografi, trykk, teikningar og maleri, samt analyser av skriftlege og muntlege kjelder. Ingenting vert overlete til det tilfeldige i Skaar sitt arbeid.
– For at ei drakt skal kunna kallast ein skikkeleg bunad, held det ikkje å gissa seg til eller berre å anta at ting hadde ein spesiell utsjånad og funksjon, fortel Anna.
– Ein skal ha eit eksemplar av det gamle plagget som ein kan rekonstruera og kopiera.
– Diverre er det utruleg mykje som har gått tapt opp gjennom åra. Gamle stasklede har vorte øydelagde og kasta, og noko har forsvunne ut av øya. Etterkvart som åra går, er det ikkje alltid lett å vite kva del av landet slike plagg stammar frå. Det har også vore tilfeller der gamalt matriell har vore samla inn for å takast vare på, men utan at det vart laga noko register over kor dei forskjellige kleda var henta frå.
Anna byrja å jobba med rekonstruksjonane av tysnesbunadane allereie som tjueåring på femtitalet, då ho skulle sy ein til seg sjølv. Ho har sidan den gong jobba omhyggjeleg med å få satt saman alle puslebitane som skulle til for å få ei komplett samling bunader for øya vår. Eit arbeid me alle kan setja pris på i all framtid. Ho har også gjeve ut ei praktbok om Tysnesbunaden, med grundig dokumentasjon av draktene og arbeidet. Ei bok som burde finna vegen inn i mange bokhyller på Tysnes. Den kan mellom anna tingast her:
http://www.bunad-magasinet.no/tysnesbunaden-kvinne-og-mannsdrakt-foer-og-naa.199398-29761.html
Me har nok alle sett tysnesbunaden for jenter og koner i bruk dei seinare åra. Fleire for kvart år pyntar seg i denne til 17. mai, til konfirmasjonar, bryllaup og andre store dagar. Det er også kjekt å høyra og sjå at det etter kvart har blitt mange mannsbunader til heimane på Tysnes. Det mange ikkje veit, er at mannsbunaden og jente-/konebunadene ikkje er frå same periode. Medan jentebunaden, med det raude livet, og konebunaden, med det grøne livet og sylvbelte, samt vinterbunaden, er henta frå siste halvdel av 1800-talet, er mannsbunaden rekonstruert etter kjelder frå tidleg på 1800-talet.
Anna Gregoriusdotter Skaar avslutta førre veke arbeidet med rekonstruksjon av ein heilt ny tysnesbunad. Dei frammøtte venta i tydeleg spaning på kva dei skulle få sjå. Denne festbunaden for jenter/damer er henta frå same periode som mannsbunaden, og var ei flott avslutning på det femti år lange rekonstruksjonsarbeidet til Skaar. Festbunaden skil seg i utsjånad frå mange av bunadane i vår landsdel. Den har rosemønstra forklede, breidt belte og noko kortare liv og stakk enn mange andre bunader her. Den har også rosemønstra band langs falden, og ein såkalla valk under bunadslivet. Til bunaden høyrer også eit høgt, flott hovudplagg (som underteikna følte seg usedvanlig ven i. Det fine er at dårlege hårdagar ikkje betyr noko med ei slik lue.)
Eg vil gjerne takka Anna for at eg fekk vera den fyrste til å bæra denne flotte bunaden. Det ser eg på som ei stor ære. Eg vil også oppmoda alle til å sjå nærare på Tysnesbunadane når de har høve til det. Det er få folkedrakter og bunader som vert til i våre dagar, som er så nøye rekonstruerte som desse, og det er ei kulturarv me skal vera takksam for har vorte teke vare på.