Publisert av:
23/3/2011 19:17
Nøgd etter nyopning
– Det har vore mange kundar innom og som har skrytt over dei nye lyse lokala våre. Dette har medført ein fin auke i omsetnaden vår, seier butikksjef Morten Christensen til Tysnesingen.
Torsdag i forrige veke hadde dei nyopning – og med lengre opningstider.
Det alle lurer på er om det er nokon som handlar fem på elleve om kvelden?
– Det er folk som handlar både seint og tidleg. Også fem over sju om morgonen har me kundar innom her, fortel Christensen.
Han opplyser vidare at dei vil opna post i butikk 5.april. Postekspedisjonen blir like bak kassane på Rimi.
– Dei som har postboks hos Malia i dag vil behalda nøkkelen sin og får samme postboks når me overtar posten, seier han.