Publisert av:
8/5/2017 18:00
No er Kvalvågen rydda
I strålande solskinn stilte 15 stykker for å hjelpa Rebekka Høgestøl med å rydda Kvalvågen.
Dugnaden som Rebekka arrangerte, var ein del av den nasjonale Strandryddedagen.
Ved å melde seg på arrangementet, fekk ho ein ryddepakke frå Hold Norge Rent som inneheldt sekkar og hanskar. -Og i tillegg sponsa SIM oss med ein kontainer, fortel Rebekka.
Ivrige hender plukka boss frå kl 10 til kl 15, og når ein ser på resultatet, er det skremmande kor mykje boss det var.
Rebekka er glad for at så mange kom for å hjelpe til, og vonar at ein til neste år vil få fleire slike arrangement rundt om på Tysnes.
FØR og ETTER bilete!
Slik skal det sjå ut!