Publisert av: Vegard Aslaksen
27/5/2018 22:46
NM-Senior Pitch & Putt 2018
NM-Senior gjekk av stabelen på Dalen Golfbane i dag over 2 rundar a 18 hol. Turneringa vert spelt på nettoresultat (brutto slag korrigert for den enkelte spelar sitt hcp). Forholda var utfordrande grunna varme og hard bane, utan at dette slo negativt ut på spelegleda. Spanande til siste slutt og dei 3 beste vart fylgjande:
1 Jens Hinderaker, 104 slag
2 Rasmus Atle Dalen, 112 slag
3 Helge Liland, 113 slag
Tysnes Golfklubb gratulerer !
Neste turnering vert allereie i morgon mandag. M-Tour 4 har start kl. 10 og 17.
Tekst og foto: Tysnes Golfklubb