Nedringt
10/8/2012 15:12
Etter eit innslag på spansk tv i beste sendetid onsdag, har den norske ambassaden i Madrid og generalkonsulatet i Barcelona opplevd ein storm av henvendingar frå spanjoler som vil til Norge.
– Det er spanjoler som gjerne vil veta meir om dette prosjektet. Dei ber om meir informasjon til korleis dei skal gå videre, for å skape seg ei framtid i Norge og Tysnes, seier Anne Normann, som er ambassaderåd på den norske ambassaden i Madrid til NRK.
Ordførar Kjetil Hestad seier til NRK at det voldsom pågong også hos han og kommunen. Telefonen ringjer heile tida og det kjem e-postar an-mass.
Men det er ikkje berre spanjolar. Også arbeidsledige frå Russland, Bulgaria og Marokko og mange andre land har tatt kontakt med kommuen.
Les heile saka hos NRK her >>>