Publisert av:
20/6/2009 10:49
NAV-kontor opna
NAV flytta nyleg inn i nye kontor i Rådhuset til Tysnes kommune. Tanken er eit tettare samarbeid med etatane i kommunen og at ein har alt på ein plass.
Ordførar Helge Hauge knytte i hop bånda i staden for å klippe snora. Bånda var raud og blå av farge, noko som symboliserer samansmeltinga av kommune og sat, fortel sosialleiar Kristine Fauskanger til Tysnesingen.
Bilete: Kristine Fauskanger.