Mykje stoff frå Tysnes
25/11/2009 07:42
Den første utgåva kom i 1914. Mangeårig redaktør og trufast bidragsytar til årboka, Anstein Lohndal, har skrive ei grundig oversikt over Sunnhordland Årbok gjennom desse meir enn nitti åra. Her kjem det tydeleg fram at årboka har gått gjennom skiftande kår, frå det vesle heftet som vart gjeve ut dei første tiåra, utan illustrasjonar av noko slag og med kanskje berre tre-fire artiklar til året, til den boka på oppunder 200 sider som vert sendt ut i dag. Mange dyktige artikkelforfattarar har publisert lesverdige artiklar i desse nitti banda, skrivne av både faghistorikarar og såkalla glade amatørar – mange av dei av “varande verdi”, som Anstein Lohndal skriv. Det er ingen tvil om at Sunnhordland Årbok har hatt mykje å seia for det lokalhistoriske arbeidet i Sunnhordland gjennom mest heile 1900-talet.
Frå Tysnes er det i år teke med mykje interessant stoff. Ein markant bidragsytar frå dei tidlegaste åra til årboka, historikaren Anton Espeland frå Onarheim, er omtala av tysnesingen Mikal Heldal, som sjølv høyrer til mellom dei flittegaste bidragsytarane frå seinare år. Harry Solberg fortel i ein artig artikkel om barneår på Flatråker. Vidare må nemnast ein omfattande artikkel av arkeolog Bård Gram Økland om sjøfolk frå Sunnhordland sitt brutale møte med ubåtar og torpedoar under første verdskrigen, der også fleire sjømenn frå Tysnes vart skadde eller drepne. Her finn ein m.a. ei liste over dei som omkom.
Elles i årboka finn me som nemnd ein historikk over årboka 1914-2009. Artikkelforfattaren Anstein Lohndal, tidlegare redaktør, er ein av dei som har levert flest artiklar til årboka gjennom tidene.. Ein annan trufast skribent er Kåre Eldøy, som i år har skrive om skysstasjonen på Sunde i Kvinnherad. Som i alle år er det funne plass til såkalla minnestoff i årboka – tidlegare sokneprest på Osterøy Nils-Aksel Mjøs skriv om barndomsminne frå Stord, medan forfattar Berit Vatne Vik minnest barndommens somrar på Fitjar, og også har funne fram eit gammalt Amerika-brev. Ein utstrekt bruk av kjeldemateriale ligg til grunn for Ola Mestad sin artikkel om bygginga av Kulleseidkanalen på Bømlo, som på 1800-talet vart ei nasjonal sak. Dette er også det mest omfattande bidraget i årboka dette året, og er utan tvil eit arbeid som kjem til å vekkja merksemd og bli ståande for framtida.