Mykje spennande på programmet framover hos Husflidslaget

Publisert av: Martha Nygård Lande
8/3/2023 10:11

Allereie i kveld, onsdag 8. mars, vert det tips og idear til redesign av klær.

Helen Storetvedt tar master i kreative fag og læreprosessen på Høgskulen på Vestlandet. Ho valgte å fordjupa seg i redesign, og i presentasjonen deler ho si reise på godt og vondt gjennom perioden ho arbeida med den.

Ho starta med ei problemstilling, men må endra på den sidan hennar grunnoppfatninger på bærekraft og redesign var blitt endra undervegs i arbeidet.

I neste månad vert det tur til Skaparstovo på Os. Du kan lesa meir om den her: https://www.skaparstovo.no/pageom
​​​​
Skaparstovo er ein offentleg tilgjengeleg verkstad der medlemmane kan koma og bruka utstyr og maskiner som er tilgjengeleg. Skaparstovo sin visjon er å vera ein bidragsyter i lokalmiljøet når det gjeld ombruk, redesign, innovasjon og kreativitet.

I mai kan du lære å lage «apeneve» – ein knute i stoppknutefamilien. Du kan lese meir om det her: https://snl.no/apeneve.

Du vil få utdelt det du treng av material til å lage denne knuten.

I juni blir det sommaravslutning i Kulturløo på Drange. Her vil ein få omvisning, det blir quiz, og på menyen står det rømmegraut.

Arrangementa er opne for alle. Dei ligg også på kalenderen til Tysnesingen, der du finn fleire opplysningar, blant anna klokkeslett for møta.