Publisert av:
8/8/2013 11:59
Mykje omtalt tragedie
Familien Johnsen mista 16 sauer etter torevêret som var i helga. Sauene har sannsynlegvis prøvd å søke tilflukt under nokre grantre då lynet slo ned, noko som resulterte i eit meget tragisk utfall.
Lise Johnsen vart sjølv vitne til hendinga og fekk sjå dei mektige kreftene naturen hadde å dela. Fleire av sauene vart slengt ein meter opp i lufta.
Heldigvis var familien inne i hus då lyn- og torevêret starta.
Både dagbladet, sunnhordland, bt.no og nrk har laga eigne saker av “Tysnes” sin artikkel om dei uheldige sauene.