Mykje å feire!
7/9/2014 19:12
Feiringa i dag har vore markert med sportslege aktivitetar, gratis is, ope bibliotek, musikk og talar.
Hallen har utan tvil vore ein stor suksess i alle 10 åra, heilt sidan den vart opna i 2004. Det er mange som har gjort ein stor og avgjerande innsats, både for å realisere bygginga og for den gode drifta desse 10 åra.
Helge Hauge, styreleiar i hallen gjennom alle 10 åra, haldt fyrste tale. Han takka både enkeltpersonar, lag og bedrifter med fleire. Han konkluderte med at noko av suksessen til den gode drifta har vore at brukarane av hallen har fått stor tillit, som dei har svart på med å ta ansvar for hallen. Samstundes har hallen vore for alle generasjonar og fleire brukargrupper utanom sport.
Utover kvelden vart Helge Hauge sjølv takka og rosa som ein av personane som truleg skal ha mest av æra for hallen sin suksess.






