Motorsagkurs

Publisert av:
13/2/2012 19:55

Tysnes Skogeigarlag arrangerer også i år kurs i bruk av motorsag: Aktivt Skogbruk, “Vedlikehald og hogst med motorsag”.

I år går kursa i veke 10 (5-11 mars). Me prøver å få til fleire kurs der me grupperer deltakarane litt. I utgongspunktet tenkjer me oss kurs for dei som har halde på ei stund, for nybyrjarar og for jenter.
Instruktøren har tid heile veka og heile helga så når me ser kva påmelding me får bestemmer me dagane isaman.

Kurset går over to dagar (ein ettermiddag 17.00 –  20.00 og ein heil dag 09.00  -15.00 ute i skogen), der du får innføring i stell og vedlikehald av motorsaga fyrste dag og innføring i hogstteknikk og felling av tre på dag to.
Instruktør: Audun Lund Eik frå Aktivt Skogbruk

Deltakarane tek med si eigen motorsag med verneutstyr, men dersom de treng å låna utstyr kan me skaffa det.

Kurspris: kr. 1750,-. Rabatt for ungdom under 18 år, medlemer i Tysnes Skogeigarlag og næraste familie (ektefelle, born).

Påmelding snarast mogeleg til:
Åsta Midtbø tlf. 93 45 44 20,
e-post: asta_midtbo@hotmail.com eller tysnes.skogeigarlag@hotmail.com