Møte om Folkehelsearbeidet
8/3/2011 12:38
Representantar frå politiske organ, kommunale råd, politisk- og administrativ leiing, tilsette i helse- og sosialetaten, NAV og Lensmannen i Tysnes deltok på møtet.
Fylkeshelsekoordinator Sigrun G. Henriksen informerte om: ”Folkehelsearbeidet i Hordaland og folkehelsekoordinator funksjon og rolle i kommunen. Partnarskap for folkehelse.”
Folkehelsearbeid er eit nasjonalt og regionalt satsingsområde med høg prioritet. Dei overordna måla for arbeidet er fleire år med god helse i befolkninga som heilskap og reduserte helseforskjellar mellom sosiale lag, etniske grupper, kvinner og menn.
Folkehelsearbeidet handlar m.a. om korleis ein kan utvikle gode og inkluderande lokalsamfunn, korleis tilretteleggje for fysisk aktivitet i kvardagslivet, korleis kultur og helse heng saman og skulane som helsefremjande arenaer.
Møtet inspirerte til samarbeid med Hordaland Fylkeskommune om utvikling av folkehelsearbeidet i kommunen. Tysnes kommune skal ta stilling til om kommunen skal inngå partnarskap med fylkeskommunen i folkehelsearbeidet.