Publisert av: May Britt Meland
31/10/2019 18:27
Misjonsmesse
Laurdag 2. november vert det misjonsmesse i Tysnes bedehus.
I år er det heile 25 år sidan det vart arrangert misjonsmesse for fyrste gong. Det heile startet opp på Onarheim bedehus 1994.
Dagfinn Brandsæter kan fortelje at messa opp gjennom åra har vert halde på fleire bedehus, og i dei siste åra på Tysnes bedehus. -I starten vart den også arrangert kvart år, men dei siste årene har den vore anna kvart år.
.
Det blir sal av forskjellige varer og sal av graut. -I tilegg rikelig med kaffe og kaker!
Mange flotte gevinstar er det også på utlodning og likedan til åresalet
.
Egil Skutlaberg blir med og har andakt og Alf Magnus Tysse blir med og syng.
.
.