Publisert av:
21/12/2008 10:24
Meir ruskavér
Det er ikkje å missuna dei som må vera på sjødn, dei har det tøft! Når ein rettar telelinsa mot farkostane på havet og knipsar bilete er det at tankane sviv innom Bjørnstjerne Bjørnson sitt dikt “Den norske sjømann er et gjennombarkabarka folkeferd”. Det var dei den gongen, og det er dei jaggu I dag og.
Då er det betre å halda til på plattform som står stødig på havbotn. Litt rugging blir det likevel når det bles opp mot 50 knop frå nordaust og gølgjer over 12 meter.