Med i NM i curling

Publisert av:
22/3/2009 10:48

Det var siste helga i februar at Rebekka Høgestøl deltok i dameklassen i NM i curling. Det var litt få som var påmeldt, dermed vart Rebekka og venninnene hennar med etter oppfordring frå tidlegare landslagskaptein Dordi Nordby.

– Eg begynte å spela curling i november i fjor, berre for å bli sosial og komma meg ut etter å ha flytta heim til Norge etter 6-7 år i England, fortel ho.

– Me var om lag 15 nybegynnarar som spelte saman med Dordi Nordby i hallen hennar på Snarøya i Bærum. Me lova ho å bli med i NM for dei sleit med å få nok damelag. Så me vart ti lag til saman i NM. Veldig artig sport, og det er ein fin gjeng å spela saman med! seier den utflytta tysnesingen som kjem frå Årbakka.

For tida jobbar ho fulltid som butikksjef i ein dyrebutikk i Bærum. – Her kan eg driva på med det som eg er mest opptatt av – nemleg hundetrening og dyrehald generelt, sluttar ho.