Matutvekslings-kurs

Publisert av:
24/10/2016 09:35

Me starter opp igjen fredag 28. oktober og staden er som før, skulekjøkkenet på Tysnes Skule, kl 12-14. 

Me inviterer deg som har lyst til å dela norske mattradisjoner og læra om mattradisjoner frå våre nye landsmenn.

Denne fredagen skal me laga Rømmegraut servert med sukker, kanel og rosiner i tillegg til fenalår og flatbrød + saft.

11. nov er det planleggingsdag på skulen og me vil ha ei lenger økt denne dagen, med start kl 09.30.  
Me vert enig 28. okt om kor mange timer me skal halda på kva mat me skal laga denne dagen. 

Det vert også samling fredag 28. november og fredag 9. desember. Denne siste dage skal me lage julekaker: Pepperkaker, havrekjeks, kokoskjeks og julemenn.

Dersom du har lyst å delta, ta kontakt på tlf; 94052087 / 99331168

Tysnes Frivilligsentral