Mariamusik

Publisert av:
12/11/2015 19:19

Saman med fire dyktige musikarar skal dei framføra «Mariamusik» av den svenske komponisten Anders Öhrwall.

Dette er ei forteljing om den heilage jomfrua, skriven for resitasjon, kor og instrument, etter eldre Mariatekstar og Mariaviser frå Sverige, England, Tyskland og Frankrike.

Sokneprest Marit Isaksen Espedalen står for resitasjonen, Magnus Blom (piano), Magnhild Mo (cello), Luana Gundersen og Rebekka Sandøy Haldorsen (tverrfløyter) for musikken.

Dirigent er Trent Bruner.

I tillegg til dette verket, får publikum høyra eit kvarters pianomusikk av Magnus Blom, og tre «svisker» av Tysnes kammerkor. Konserten varer ein times tid.