Mange spennande kurs på timeplanen

Publisert av: May Britt Meland
28/8/2021 21:30

Synnøve Hodneland, leiar i Tysnes Husflidslag, fortel til Tysnesingen.no at laget no er i gong igjen med aktivitetar. -Vi har månadlege lagsmøter, og ellers blir det kurs i spikking, tauverk, sykurs (stjerneduk), lørdagstreff med overlock-maskin og oppfølgingskurs i bunad. I tillegg til dette startar vi opp med Ung Husflid, som møtast kvar 14. dag.

Lagslokala er pussa opp, og vi vil markere dei nye lokala med ein open dag laurdag 25. september. Her vil vi vise bredden av aktivitetane våre, og vi håpar på mange besøkande, seier Hodneland.

For oversikt over aktivietetane våre kan de sjå her: Husflid.no