Publisert av:
11/6/2011 20:58
Mange på Surhaa Blues
– Eg er svært nøgd med dagen. Det seier Surhaa Blues general Roald Nesse til Tysnesingen.
Og han kunne sjå utover garden sin med yrande liv og massevis av folk som hadde teke turen ut til Nesse Gard.
Det heile starta i fire tida i ettermiddag med kunstutstilling nede i måttingo og familiedag med aktiviteter utandørs. Seinare var det mogleg for folk å sjølv ta mikrofonen fatt og opptre.
Litt over klokka 20 spelte gruppa Train for Two og seinare kom Spiritual non Believers med HP Gundersen på scena.
Innimellom vart det laga film av alle som var med då ein samle folkemengda i eit stort hjarta på eine bakken. Bjørn Tore Espevik sende opp sitt fjernstyrte fly og filma folket.