Mange på LAN
2/3/2011 16:51
Det er vinterferie og i dei tre neste døgna skal Tysnes-ungdom tilbringa mykje tid i ungdomshuset i Våge.
Tysnes ungdomsråd har nemleg laga til LAN-party. Responsen på å vera med har vore god, og det er gjort klart for førti speleglade ungdomar framfor dataskjermane. Det heile starta klokka fire onsdag ettermidag.
Nokre av dei Tysnesingen snakka med hadde god tru på at dei skulle klara å halda det gåande heile tida døgeret rundt. Med ein god porsjon Red Bull, Cola, Grandiosa plusspluss skal det vera med på holda hovudet våken framfor skjermen.
Jostein Gjerstad i Tysnes ungdomsråd fortel at starten har gått fint etter at dei første 15-20 datamaskinane starta opp, og ingen sikringar var gåen til då. Han ville følgja godt med etter kvart som enno fleire kobla seg på utover ettermiddagen og kvelden.