Publisert av:
21/5/2010 06:31
Mange på Grøn Dag
I strålande sol vart skuleplassen ved Lunde skule omgjort til handelsplass.
Salsvarene elevane hadde laga var blomar som dei har dyrka fram i løpet av skuleåret. Innhaldet var eit rikt utval av sommarblomar, krydderurter og orkidépetunianer. I tillegg kunne dei kjøpelystne få kjøpa seg kaker, vafler og kaffi.
Salet gjekk veldig godt og det var mange nøgde både skuleelevar og vaksne som fekk kjøpt seg noko i grønt.