Publisert av: Martha Nygård Lande
7/3/2022 08:57
Mange fine klede til nyføddintensiv på Haukeland universitetssjukehus
Søndag 20. februar samla syglade damer seg i Lunde, og sydde klede til premature born på Haukeland universitetssjukehus.
Me har no klart alt til levering, fortel Celine Lunde Rød, og denne gongen blei det
- 60 sett med klær i ull/bomull
- 17 sett med tepper, huer og sokkar
- 20 sett huer og sokkar
- 30 huer
- 1 par sokkar
- 2 mammaklutar
Det er også nokon som har bidrege med vasking av alle plagg, som også er ein stor jobb.
Me har litt garn igjen og masse systoff, om nokon har lyst å bidra framover, seier Celine.