Månadens gjenstand på biblioteket

Publisert av:
16/2/2011 18:26

Symaskinen er produsert ein gong i siste halvdelen av 1800-talet, og var i si tid i Cecilie Vernøy si eige. I dag er det oldebarnet Marianne Tvedt som eig symaskinen.

Mahatma Gandhi meinte i si tid at symaskinen var ein av dei få nyttige tinga som var funne opp. Skreddarstanden var ikkje like samd – på 1800-talet gjekk skreddarane mann av huse for å protestera mot denne uhyrlege innretninga som tok levebrødet frå dei. Fullt så gale vart det no ikkje, men utetter 1800-talet fann symaskinen vegen inn i dei fleste heimar, også på Tysnes. No kunne dei fleste sy og reparera sine eigne skjørt og bluser, forkle, skjorter og bukser, gardiner og dukar, eller kva det måtte vera.

Symaskinen som er stilt ut på biblioteket er av merket Grover & Baker, som vart produsert i Amerika. Den er ikkje av dei aller dyraste modellane, og me kan sjå at den er velbrukt. Cecilie Vernøy har nok vore ein flittig brukar av dette fantastiske verktøyet. Som så mange andre koner hadde ho åleine ansvar for hus og born medan mannen var til sjøs. Me kan tenkja oss at symaskinen har vore mykje nytta på bruket Liland.

Olav Skjellevik har skrive ein fyldig historikk både om symaskinen si historie og om Cecilie Vernøy.