Månadens gjenstand

Publisert av:
6/1/2010 17:29

Kvar månad vert det stilt ut ein gammal og interessant gjenstand i Tysnes folkebibliotek. Det er Olav Skjellevik og Harald Dalland som står bak dette tiltaket.

Denne månaden kan publikum sjå eit strykejern av den gode gamle sorten, som vart varma opp med kol.

Strykejernet er utlånt frå buet etter Lars Reiso. Alderen kjenner me ikkje heilt nøyaktig, men strykejernet vart i si tid laga hos Gundersen og Moldestad i Bergen og er sannsynlegvis omlag 100 år gammalt. Opp gjennom åra har det nok glatta mange blusar, skjorter, kjolar og bukser på Reiso.

Om det no hadde vore ute av bruk i mange år, så stod det til stas i stova til Lars Reiso – som eit heidersminne om dei kvinnene som ein gong hadde brukt det.