Publisert av:
24/11/2013 08:31
Lys Vaken!
Dette arrangementet vert gjennomført over heile landet for å feira kyrkja sitt nyttår- 1. sundag i advent. I Reksteren kyrkje tjuvstarta dei, og byrja feiringa i går!
På trass av eit variert program både i og utanfor kyrkja frå kl. 18 og utover i går, var dei aller fleste 4. klassingane framleis Lys Vaken rundt midnatt! Kl. 0100 byrja det derimot å bli stille i Reksteren kyrkje og dei fleste hadde sovna.
I dag skal ungane vere med på Gudstenesta som byrjar kl. 11.00. Denne har dei sjølv vore med på å førebu.



