Lurer du på kva vinyltrykk er?
14/10/2023 09:40
Ein onsdag i månaden treffes medlemmane i Tysnes Husflidslag i Husflidsstova til sosialt samvær, formidling av aktuell informasjon, og litt kreativt påfyll.
Onsdag 4. oktober var det om lag 16 damer som benka seg rundt borda med litt handarbeid mellom nevane, og trekkplasteret denne gongen var ein introduksjon til vinyltrykk.
Kva er så vinyltrykk?
Kort fortalt har vinyl mange kreative moglegheiter, og i hovudsak er det to typar vinyl:
– Sjølvklebande vinyl til innan- og utandørs bruk. (T.d. bilete/logo/kontaktinformasjon som ein kan klistre på båt, bil, sportsutstyr, m.m.)
– Heat tranfer vinyl (HTV) – bilete eller tekst som vert overført til t.d. tekstil ved hjelp av varmepresse.
For å lage tekst eller motiv som ein ynskjer å overføre til ei flate er prosessen som fylgjer:
1. Ein lastar ned eit spesielt designprogram på pc’n
2 I designprogrammet vel ein den skrifta og/eller motivet ein ynskjer å jobbe med
Så bearbeider ein dette til aktuell storleik, skrift, uttrykk m.m.
3. Til slutt sender ein det ferdige utkastet til ein kuttemaskin (Silhouette Cameo 4) som “skjærer ut” motivet anten på sjølvklebande vinyl, eller på vinyl berekna for varmeoverføring.
4. Deretter plukkar ein vekk (weed’ar) den vinylen som ikkje høyrer til i motivet/teksten
5. Så er motivet klart for overføring til tekstil, eller ei anna flate.
6. Ved overføring til tekstil brukar ein ei spesiell varmepresse, og vipps har ein fått eit trykk som tåler opptil 90 graders vask (men ikkje tørketrommel).
Bakgrunnen for at vinyltrykk var sett på agendaen, er kort fortalt at Tysnes Husflidslag og Søm og strikk til NFI – Tysnes* i november 2022 inngjekk eit samarbeid, der Husflidslaget får nytte maskinar og utstyr som NFI-gruppa har fått sponsa av Kraftlagsfondet, i byte mot at NFI-gruppa får nytta lokala og utstyr som Husflidslaget eig, samt at dei får ha det nyinnkjøpte utstyret ståande i Husflidsstova.
Dette er ei vinn-vinn løysing der no alt ligg til rette for at medlemmane kan produsere proft utsjåande produkt anten til frivillig arbeid, eller til private prosjekt.
Maskinar og utstyr som NFI-gruppa har fått sponsa, og som dermed også Husflidslaget sin medlemmar kan nytta etter opplæring, er:
– Silhouette Cameo 4 (kuttemaskin for vinyl, papir og tekstil)
– Siser Craft varmepresse A4
– Easypress mini
– Babylock coverstitch (symaskin som syr proffe saumar m.a. i stretch-stoff)
– Knappepresse
– Knapphullsmål m.m.
Lise Iren Sandtorv, busett i Uggdal, sit i styret både i Tysnes Husflidslag og i Søm og strikk til NFI – Tysnes, og har i løpet av få år blitt ein dreven syar og også vinyltrykkar. Gjennom sitt eige mikrotrykkeri “Ramsalt Design”, har ho tatt oppdrag med trykking av sponsorar på fotballtrøyer, merking av båtar, anleggsmaskiner m.m.
På lagskvelden forklarte ho om moglegheitene til dei ulike maskinane me no har til rådvelde. Ho hadde med ferdig kutta motiv som medlemmene fekk moglegheit til å trykke på eigne plagg. Undervegs dukka den eine kreative idèen opp etter den andre for kva potensiale desse maskinane har.
*Søm og strikk til NFI – Tysnes er ei gruppe frivillige som produserer klær til prematurfødte barn for utdeling til dei som treng det på nyfødtintensivavdelinga ved Haukeland og Haugesund sjukehus.
Tekst og foto: Tysnes Husflidslag ved Ingrid Storetvedt