Onsdag tidlegare i veka var den kunnskapsrike historikaren Marianne Herfindal Johannessen invitert som gjesteførelesar. Ho heldt ein glødande og inspirerande “pep-talk” for dei frammøtte om gleda ved å studera fortida, og gav tilhøyrarane god lyst til å halda fram med arbeidet sitt.
Samstundes fekk me også eit innblikk i korleis ein skal nytta det rikhaldige digitalarkivet.no, som byr på eit vell av moglegheiter for å studera historisk kjeldemateriale.
Laurdag drog ti stykker til byn for å besøka sjølvaste “løvens hule” – Statsarkivet i Bergen, der me vart godt tekne imot av statsarkivar Yngve Nedrebø som gav oss ei halvanna times omvising i arkivet.
Med sine sju etasjar og millionar av dokument er Statsarkivet mykje større enn ein først skulle tru når ein kjem inn i den eldste delen frå 1921. Då seier det seg sjølv at 90 minutt er altfor kort tid.
Yngve Nedrebø hadde førebudd ei omvising som var tilpassa Tysnes. Me fekk m.a. sjå originale skifteprotokollar frå Tysnes. Men det vart også tid til ein runde med “størst og eldst og sjeldnast”, som den tjukkaste boka i arkivet, som verkeleg er diger, og ei salmebok frå 1130 og ei verdfull dokumentasjon kring leprasjukdommen i Noreg. Nedrebø opna også eldgamle tingbøker og fortalde hårreisande historier om ei skinndød heks i Nordfjord og tortur under avhøyr på 1600-talet. Kort sagt, me fekk eit visst inntrykk av dei enorme mengdene av materiale som arkivet rommer.
Etter to kurs i slektsgransking ved biblioteket det siste kalendaråret, med Erling Utne som ein engasjert og særs dyktig vegleiar, er det no fleire som syslar aktivt med slektsgransking, som er ein av dei raskast veksande hobbyane i den vestlege verda. Data og internett har gjort jobben mykje enklare. Til kurset ved biblioteket har me plukka ut Legacy som det programmet me brukar, og i tillegg har Statsarkivet gjort det enkelt ved å leggja ut ein uhorveleg stor del av samlingane sine på nett, t.d. kyrkjebøker for heile landet. Men framleis er det stundom bruk for assistanse frå det fysiske Statsarkivet i Bergen, som er behjelpelege med det meste.
Utpå hausten vil biblioteket invitera deltakarane frå begge kursa til ein kveld med litt program og ein kopp kaffi, og ikkje minst ein drøs. Kanskje det også er stemning for å få i stand eit lag i meir ordna former.