Lokalavisene står sterkt
26/2/2014 08:02
Landslaget for lokalaviser (LLA) har lagt fram resultata for 2013. Desse syner at det er god oppslutnad rundt lokalavisene.
LLA har over 100 medlemsaviser, og rundt 1/3 av desse har i 2013 hatt ein auke i opplaget, deriblandt Bladet Tysnes som i 2013 hadde ei auke i opplaget på 0,9%.
Dette viser tydeleg at lokalavisene framleis står sterkt på papir, samstundes som dei satsar på digitale plattformer.
LLA skriv at ein samla tilbakegang på under ein prosent nærmast er oppsiktsvekkande samanlikna med andre i avisbransjen.
– Dette syner at lokalavisene byr leserne på god og relevant journalistikk og at folk er opptatt av det som skjer i nærmiljøet sitt, sier Rune Hetland ( generalsekretær i LLA).
Opplag i 2013 % endring frå året før
Os og Fusaposten 5204 -2,9
Marsteinen 2349 -0,8
Bladet Tysnes 2365 +0,9
Bømlo Nytt 3294 +3,0
Kvinnherdingen 4302 -0,5
Sunnhordland 6559 -2,1
Grannar 3548 0,0
Grenda 2308 -1,1
Hardanger Folkeblad 4866 -3,1