Lokal stenging av vatn i Uggdal

Publisert av:
24/1/2015 14:10

Måndag 26. januar vert aktuelt område stengt i tidsrommet kl. 11:00 til kl. 15:00 for å lokalisere eksisterande vassleidningar i grunnen. Deretter vert det opna oppatt.

Tysdag 27. januar vert det stenging i same området i tidsrommet kl. 10:00 til kl. 18:00 for å montere ein ny kum ved Jokerbutikken. Deretter vert det opna oppatt. Vassleidninga mellom den nye kummen og ned til Eiabrua skal skiftast, og dei tre husa her vert tilkopla midlertidig i anleggsperioden.

Uggdal Vasslag SA beklager ulemper dette medfører for kundane, men dette er eit nødvendig tiltak i samband med ombygginga som pågår i området.

Kontaktperson ved avstenging, Uggdal Vasslag  911 97 966.
Kontaktperson midlertidig tilkopling, Runes Maskin 995 43 158.