Lite innbydande

Publisert av:
22/12/2010 19:53

Folk som ventar på ferja og bussen i Våge reagerer på kor ufjelgt det ser ut inne i venterommet.

Det er mykje skit på golvet og rusk og rask slengt frå seg. Eine vindauga er også tilgrisa.

Og sjølv om det er skilta med “Røyking forbudt” ligg det fleire sneipar nedtrakka på golvet der inne.

Folk som nyttar seg av venterommet bør sjølve tenkja seg om korleis det ser ut før ein forlet rommet, men det er etter det Tysnesingen kjenner til Statens Vegvesen som har ansvaret for venterommet.