Lidolido til Tysnesfest

Publisert av:
1/3/2012 06:00

Lidolido kjem til å føya seg inn i rekka over fantastiske artistar som har opptred under marknadsdagen vår.

Etter å ha gitt ut ei rekke mixtapes på eigahand og imponert både bransje og publikum på By:Larm og SXSW i Austin, signerte LidoLido med Universal Music Norge. 19 år gamle Peder Losnegård fra Haugesund begynte å spela trommer allereie som toåring og meistrar i tilegg piano og gitar. Peder sitt møte med ein utvekslingsstudent fra USA vekka interesse hans for hiphop-kulturen og denne musikken ligg hans hjarta nærast. Men den unge rapperen/sangeren/produsenten har allereie utvikla ein eigen sound, der han og har latt seg inspirera av andre sjangrar.

LidoLido opplevde i haust stor suksess saman med Bjørn Johan Muri og singelen ”Once Upon a Time”. No er han på P3 si A – liste med låta ”Different”, som er henta frå debutalbumet hans som vart sloppe på Universal februar 2012.