Leiteaksjon

Publisert av:
8/7/2012 20:13

Lensmannen opplyser søndag kveld at dei ikkje har funne noko som helst, og dei har difor avslutta leiteaksjonen med fullt mannskap frå Tysnes Røde Kors Hjelpekorps og hundesøk.

– Det kan sjå ut som det har vore nokon i eit skogområde. Me ynskjer framleis tips dersom nokon veit om personar som har vore rundt Høviskelandslio/Søreide søndag ettermiddag, seier Lunde.

Politiet fekk melding klokka 15.30 søndag om at nokon hadde ropt om hjelp i området Høviskelandslio/Søreide.

– Me har hatt Hjelpekorpset og hundar med i leitinga, men har funne ingenting etter 4 timars leiting, seier lensmann Lorentz Lunde til Tysnesingen.

– Dersom nokon var i området på det tidspunktet og høyrt noko, eller viss nokon saknar nokon ber me om at dei tek kontakt med politiet, seier Lunde.

Dei kan kontakta Lorentz Lunde på mobil 915 32 422.