Laga fingerdokker

Publisert av:
10/7/2009 18:59

På førehand hadde Britt K. Rage klipt opp stoff og sett fram alt som skulle til for å laga fingerdokkene.

Borna kunne velja mellom ulike modellar, som dei utforma etter sine eigne idèar. Alle vart spesielle! Mange av borna var flinke til å sy, og nybyrjarane fekk god hjelp av dei vaksne.

Konsentrasjonen var imponerande, og fleire flytta ut på benken utanfor for å laga fleire fingerdokker. Foreldre var flinke til å hjelpa, noko som kom godt med til tider! Dei som ville, kunne kjøpa med seg “halvfabrikat” til å sy heime.

Ute i hagen var det høve til å setja seg ned og nyta ein kopp kaffi eller te og ein vaffel. Tiltaket var tydeleg populært, og både store og små såg ut til å trivast!