Kvalitetsbevisst 20-åring!
16/6/2016 05:52
Bedrifta kan i desse dagar sjå tilbake på 20 år som ein viktig underleverandør til bedrifter i heile Hordaland. Med eit innovativt fokus har ein klart å gjera naudsynte endringar i produksjonen, følga trendar i tida og møtt kundane sine stadig veksande krav.
Fokus på breidde og kvalitet
Tysnes Industri har stor breidde i produksjonen, og ein har til ei kvar tid hatt fokus på gode kvalitetsrutinar for å ivareta kundane sine høge krav til kvalitet.
Med ISO sertifiseringa har ein no fått dokumentert at dei innarbeidde rutinane og prosedyrane tilfredsstiller dei internasjonale krava som ISO set til kvalitetsarbeid og kundefokus.
Dei tilsette er stolt over den store breidda i produksjonen. På lista over faste kundar står blant anna dei lokale bedriftene Tysnes Sjukeheim, Haaheim Gaard, Dalsgård Hundemat og Windsor. I tillegg har ein større bedriftskundar i Hordaland som: Fosen Namsos, BKK, Wärtsilä, Harding og Rolls Royce. Utanom desse har ein og samarbeid med ei rekkje andre kundar. Tysnes Industri har variert produksjon for desse kundane, alt frå samanstilling av produkt, spesial-tilpassa transportkassar og elektromontering til vaskeritenester.
Dessutan har bedrifta ansvaret for distribusjon av hjelpemiddel i Tysnes kommune og dei driv nettstaden Tysnesingen.no.
Vegen til arbeidslivet
Tysnes Industri har eit eige attføringstilbod med arbeidstrening og rettleiing til dei som ynskjer hjelp til å komma tilbake til arbeidslivet, eller treng ei avklaring av arbeidsevna si.
Bedrifta tilbyr og arbeid til dei som har uføretrygd og ikkje lenger tilfredsstiller dei strenge krava til produktivitet i eit ordinært arbeidsliv, men som samstundes ynskjer å få nytta kompetansen sin. Mange opplever auka livskvalitet ved å få nytta og utvikla kompetansen og ferdighetene sine. Det sosiale fellesskapet på arbeidsplassen bidreg og til dette.
Jubileumsfest
Laurdag 27. august vert 20 års jubileet feira med open dag. Her vert det høve til å sjå nærmare på den varierte produksjonen, og samstundes få veta meir om arbeidstilbodet bedrifta har.
Gjestane får servert festkake og drikke, og det vert konkurransar med flotte premiar. Hovudpremien er ein elektrisk sykkel!
Tysnes Industri ynskjer alle velkomen!
-Og vonar at mange tek turen innom denne dagen.