Kurs i slektsgransking på biblioteket
28/10/2014 15:58
Laurdag 15. november er det mogleg å få med seg eit dagskurs i slektsgransking for nybyrjarar på Tysnes folkebibliotek. Kurshaldar Knut Rage har hatt eit liknande opplegg på fleire andre bibliotek i Sunnhordland.
På kurset vil Knut Rage fortelja om korleis ein kan nytta internett til å finna opplysningar om slekta, og kva som finst tilgjengeleg av dataprogram. I løpet av kursdagen prøver me oss på å leita etter slekt på Digitalarkivet og andre stader på nettet – og lærar korleis me får lagt opplysningane på plass i dataprogrammet Legacy. Ta gjerne med din eigen pc!
Kurset er meint som ein inspirasjon til å koma i gong med ein spennande hobby,
men om du har halde på ei stund og treng litt “påfyll” er du hjarteleg velkomen!
Både kurset og dataprogram er gratis.
Stad og tid: Tysnes folkebibliotek, Tysneshallen laurdag 15.november kl. 12 – 16.
Påmelding på epost til tysbib@online.no eller sms/tlf 46 77 25 90 innan
8. november. Det må vera eit minimum av påmeldte deltakarar for at me kan arrangera kurset.
Arr. Tysnes folkebibliotek