Publisert av: Martha Nygård Lande
20/4/2021 10:18
Kulturkonsulentar på strandrydding
Kulturkonsulentane i Tysnes kommune har vore med på strandrydding i naturreservatet Kolavikjo på Tysnes.
Dette er eit 5- årig forskningsprosjekt mellom bla BOF (Bergen og Omland Friluftsråd), Norce og NMF (Norges Miljøvern Forbund).
I fjor skreiv Tysnesingen om “Prosjekt totalrydding i Kolavika”. Kolavika har vore ein oppsamlingsstad for marint avfall, men det er blitt rydda vekk mykje plast sidan prosjektet starta.
Norce skal overvåke stranda i ein periode på 5 år, og stranda skal ryddast kvart år. Slik skal ein skaffa betre kunnskap om korleis stranda reagerer på eit slikt inngrep, kor mykje mikro-og nanoplast det er igjen på stranda og kor stor tilførsel av marint avfall det er.
Rebekka Høgestøl og Synnøve Bakke, kulturkonsulentar i Tysnes kommune, var mandag med til Kolavika. I tillegg til manuell plukking vart det òg prøvd ut “støvsuging” av mikroplast.