Ingen sak for lita - inga sak for stor

Kreftforeningens innsamlingsaksjon

Publisert av: Martha Nygård Lande
12/3/2025 08:00

Den årlege innsamlingsaksjonen til Kreftforeningen er 23. mars, og tradisjon tru valfartar folk på Tysnes til Blåbærhaugen i perioden 17. – 23. mars.

For kvar tur som blir registrert på toppen sponsar Alsaker Fjordbruk innsamlingsaksjonen med kr 100,-.

I 2024 vart det rekord med til saman 3018 turar, og målet er sjølvsagt at denne vert slått i år.

Oppfordringa er klar; Ta med deg naboen, kollegaer, vener og familie på tur, og ta eit krafttak mot kreft.