Kraftlaget er førbudd
29/1/2016 15:04
I samband med ekstremvèret “Tor”, ber kraftlaget om at ein viser aktsemd ved eventuelle hendingar i straumnettet.
• Leidningar som har falle ned må ikkje rørast, og ein må halda god avstand.
• Trer og andre gjenstandar som ligg over leidningar må ikkje rørast, og ein må halda god avstand.
• Kraftlaget må varslast dersom situasjonar som nemnd ovanfor vert observert.
Vakttelefon: 482 28 182
Lars Enes elverksjef i Tysnes Kaftlag fortel i dag til Bladet Tysnes at dei har fått på plass eit nytt mobilt naudstraumsaggregat. -Dette skal kunna produsera straum til heile administrasjonsbygget til kraftlaget dersom straumen på Tysnes skulle forsvinna, men også kunna nyttast i andre samanhengar elles i året.
Han fortel også at Kraftlaget har investert i eit nytt digitalt radiosamband. Med det vil ein ha direkte kontakt med driftssentralen på Stord. Dessutan har dei eit eige VHF-samband som dekkar heile øya.
– Me har ekstra beredskap og beredskapsplanen klar, seier Enes til Bladet Tysnes.
Les heile saka på Bladet Tysnes.