Korkveld og gjensyn med ”gamlepresten”
22/4/2015 06:02
Mange ser fram til å treffa igjen ekteparet. I ti år var han sokneprest i Tysnes prestegjeld (1985-1995). Dei hadde ti svært aktive år på Tysnes og var engasjerte i ei rekkje ulike lag og aktivitetar i lokalsamfunnet. M. a. dreiv Torunn ei kvinneleg songgruppe, som var mykje nytta både i kyrkjene og bedehusa.
Con Spirito
Etter åra på Tysnes flytta Fosse- familien til Hafslo, der han var i presteteneste i mange år. No er Fosse sokneprest i Salhus menighet.
No kjem altså ekteparet til Tysnes, og dei har med seg kyrkjelydskoret Con Spirito, eit blandakor med 25 medlemer. Dirigenten deira er Harald Myklebust, som har ei lang og spennande yrkeskarriere og særs god dirigenterfaring. Han har vore musikklærar, folkehøgskulerektor, bibelskulelærar og høgskulelektor ved NLA-lærarhøgskulen på Breistein. Koret har med seg solistar, og Torunn er koret sin akkompagnatør.
Dirigent med eige stykke
I tillegg til gjestene frå Salhus skal også Tysnes Kammerkor med dirigent Trent Bruner ta del i programmet. Han skal også framføra eit sjølvkomponert stykke på pianoet. Det blir med andre ord ein fin korkveld i Tysnes bedehus med mykje song og musikk. Publikum får vera med på fellessong, og som tidlegare på desse kveldane blir det servert kveldsmat med høve til å drøsa.
Tekst: Hans Ole Dalland