KORKAFÉ med spennande ”meny”
7/4/2016 11:32
Denne søndagen har kammerkoret mykje å by på og kan garantera ei hyggjeleg stund i ungdomshuset. Det er ingen grunn til å la denne kulturelle sjansen gå frå seg. Det er ikkje særleg mange slike tilbod på Tysnes i løpet av året.
Under leiing av dirigent Trent Bruner framfører koret eit variert utval av repertoaret som er øvd inn i løpet vinteren og våren. Det er m. a. musikk av Olav Stedje, Alf Prøysen, Mikis Theodorakis og Leonard Cohen. Nokre av songarane har solistinnslag.
Eit ekstra spennande innslag kan publikum sjå fram til. To ”rasekattar” i superklassen skal nemleg i aksjon i ein katteduett. Truleg er det fyrste gong den kjende ”Katteduetten” vert framført på ein scene på Tysnes. Det er berre å gle seg. Ekstra tenning kan ein rekna med at desse to kattane har, for den eine er frå Tysnes, den andre er heimehøyrande i byen Stord. Eit intenst kattetreff mellom by og landsbygd.
På programmet elles står allsong, tenorar som syng for damene og ei damegruppe som syng energisk om seg sjølve og sine roller i koret. På slike arrangement er det alltid populært med kaffidrøs med god mat. Det har koret med i opplegget sitt på KORKAFEEN, og dessutan er det eit rikhaldig gevinstbord til åresalet.
Kammerkoret har mykje på planen for resten av sesongen fram til sommaren. Ein laurdag seinare i april blir det korseminar. Laurdag 7. mai går turen til Hosanger kyrkje på Osterøy og konsert der saman med andre kor. Siste dagen i mai tek koret del i konsert i kulturkyrkja på Onarheim, og så blir sesongen avslutta med tur til Malaga i Spania med konsert i Sjømannskyrkja som eit sentralt mål for turen.