Publisert av: Martha Nygård Lande
12/11/2019 15:03
Korallrev ved Huglo
TV 2 skriv på si nettside at Havforskningsinstituttet (HI) har funne eit stort korallrev utanfor Stord.
Det var medan dei skulle teste metodar for å finne koraller, at dei gjorde funnet.
Korallrevet som heiter Bukkarevet, er det største dokumenterte korallrevet på Vestlandet, og ligg ved inngangen til Hardangerfjorden, og strekker seg fleire hundre meter i kvar retning.
Havforsker Tina Kutti seier at dersom ein antar at 20 høgdemeter av det dei ser på videoane er koraller, betyr det at revet er minst 4000 år gammalt.
Du kan lesa meir på Havforskningsinstituttet (HI) sine sider: HIs nettsider.