Kor er fareskilta?

Publisert av:
18/4/2010 19:10

Lars Kristian Brekke er oppgitt over den dårlege vegen når han er ute med tohjulingen sin.

– Vegstrekninga over Onarheimsfjellet og nedover Uggdalsdalen er så galen at dette er ein fare for trafikktryggleiken. Særleg for motorsyklar, men også låge bilar dunkar oppi av telehiv og djupe groper, seier Brekke til Tysnesingen.

– Mesta har ikkje greid å setja opp eit einaste fareskilt på desse strekningane, seier han. Han oppmodar lokalbefolkninga og lokale myndigheiter til å gjera noko med dette.

– Vegane på Tysnes var i god stand tidleg på 80-talet før oljepengane kom inn til landet, sluttar Brekke.

Bilete: Lars Kristian Brekke