Konsert i Uggdal kyrkje
5/3/2014 07:16
Denne gongen vert også damegruppa Praise Him frå Fitjar med. Dermed ligg alt til rette for nok ein flott og variert konsert i Uggdal kyrkje der det kristne budskapet er det sentrale. Tysnes støtteforening for Indremisjonen er arrangør, og dei oppmodar mange om å møta opp og få med seg desse flotte gruppene.
Mette Vestberg Sørensen og Roger Sørensen kjem frå Flekkerøy utanfor Kristiansand. Dei har songe sammen sidan 1990 og er eit veldig aktivt ektepar. Dei fartar rundt i heile sør-Norge og som sist vert denne konserten på Tysnes ledd i ein helge-turne i Sunnhordland. Dei siste åra har dei også spesielt vore engasjerte i arbeidet med TV-programmet »I pottemakerens hus», produsert av Flekkerøy Media og som vert sendt på Visjon Norge. Dei lagar også halvtimes program kvar veke for Radio Filadelfia Kristiansand der dei presenterer ny og gammal gospel-musikk der også ein del av Bill Gaither artistane vert intervjua og presentert. Dei har også arrangert turar til Gaither-arrangement i USA og har også vore med å bidra når Gaither-artistar har gjesta Norge. Både på og bak scenen.
Dei har gitt ut 3 CD-ar. Den første «Det umuliges Gud» i 2002, Den andre «Sangens velsignelse» i 2007. Sommaren 2013 var dei i Nashville, USA og spela inn den siste, «Alltid nær», med Gordon Mote, kjent pianist og gospel-artist som produsent. Mette har skrive fleire av sangane og dei har valgt å ta med sangar som har betydd mykje for dei sjølve.
Sjølve uttalar dei:
«Vi er jo enkle sjeler som aldri har lært noe mer enn det alle andre har lært som synger i kor hele livet. Og vi har sagt ja til det kallet Gud har gitt oss: Å formidle de gode nyheter gjennom sang. Sangen har gitt oss utrolig mye, den er en velsignelse vi gjerne deler. Gi, så får du mye mer tilbake!
Vår bønn er at noen må møte Jesus og kjenne seg oppmuntret og utfordret ved å lytte til sangen vår»
«Praise Him» er ei damegruppe frå Fitjar. Dei har vore fleire gonger på Tysnes opg skulle vera vel kjend for mange. Også dei er veldig aktive, med gode stemmer og eit variert repertoar. Mange gler seg nok til å høyra dei att.