Konsert i kulturkyrkja på Onarheim

Publisert av:
24/9/2016 05:18

Sett av søndagskvelden den 2.oktober kl 18:00.

Då møtest lokale musikarar og andre med flotte sangstemmer for å gje deg ei flott oppleving i kyrkja denne kvelden.

Det blir eit variert program frå voggesang til tonar som går høgt under taket.
-Me reknar med støvet på dei øverste bjelkane kjem til å lea på seg!

Få med deg kva lokale krefter kan by deg av musikalske opplevingar denne stunda.

Bilettar kjøper ein i døra. Kr.200,-/person.
Barn under 6 år gratis.
Dette er ein dugnadskonsert der inntekta skal gå til scene, lyd- og lysutstyr til kulturkyrkja.