Kommunekart på app

Publisert av:
15/6/2015 06:10

Kommunen har hatt «www.fonnakart.no» som publikumsløysning for innbyggarane i mange år. No tilbyr komunen også ein app som er tilpassa for bruk på mobil eller nettbrett.

Appen heiter «Kommunekart» og gjer deg detaljerte kart og flybileter samt ekstra kartinformasjon frå kommunen, som reguleringsplanar og godkjende bygg. Du kan søkje opp adressar, stader og eigedommar i Tysnes kommune og få tilgang til eigedomsinformasjon, vedtak og reguleringsføresegner ved å klikke i kartet. Du kan enkelt få berekna ei køyrerute med trinn for trinn instruks for korleis du kjem deg til målet.

Appen er gratis og kan lastas ned frå App Store eller Google Play.

For bruk på PC:  www.kommunekart.com