Kom i gang med slektsforsking
14/9/2016 07:31
Det er enklare å koma i gang enn du gjerne trur. Data og internett har gjort slektsgransking lettare enn nokon gong. Det er leikande lett å leita fram opplysningar om farne slektar på internett, og å leggja opplysningane inn i eit dataprogram går som ein leik. Men for å få mest mogleg ut av hobbyen er det likevel greitt å ha førehandskunnskapar og ein plan for arbeidet.
Torsdag 22. september kl. 18 vert det ei innføring i slektsgransking på Tysnes folkebibliotek. Kurshaldar Knut Rage vil fortelja om korleis ein kan nytta internett til å finna opplysningar om slekta, og kva som finst tilgjengeleg av dataprogram. Ta gjerne med din eigen pc! Det trengst ingen førehandskunnskapar til kurset, men deltakarane bør ha vanlege datakunnskapar. Me held på ca. 3 timar. Samlinga er gratis og ope for alle.
Påmelding sms 46 77 25 90 eller epost post@tysnesbibliotek.no