Knuste rekord

Publisert av:
7/11/2011 20:53

665.000 kroner klarte elevane ved Framnes å samla inn på misjonsløpet Mercy Ships. Tysnesing Håvard Drange, som var prosjektleiar for misjonsløpet, seier til Vårt Land at han byrja å grina då han såg kor mykje pengar dei fått samla inn.

Svært mange tysnesingar går på Framnes. 216 av 250 elevar frå skulen deltok på misjonsløpet som var lagt til skulen sitt uteområde.

Kvar runde var omlag ein halv kilometer. Elevane skaffa seg sponsorar og pengane dei samla inn går til Mercy Ships sitt arbeide. Mercy Ships er eit flytande sjukehus som operer langs kysten av Vest-Afrika, der rundt 400 jobbar friviljug.