Knallgodt verktøy for gründarar

Publisert av:
3/2/2013 19:45

Det var ein flott gjeng med kvinner og menn som spent møtte opp i Vågen AS sine lokaler i Våge. Her vart dei møtt av representantar frå ulike instansar. Helge Drange frå Tysnes Kommune, Kjetil Djuve frå Atheno og Claus Gladyszak frå Innovasjon Noreg

Mange av dei oppmøtte såg fleire kjente fjes og praten om laust og fast fall naturleg frå første stund. Kjetil Djuve frå Atheno fortel at denne «minglinga» er eit av måla med slike samlinger. -Det å skapa ein arena der både etablerte gründerar og framtidige gründerar kan møtast, bli kjent og ikkje minst læra av kvarandre er veldig viktig. Alt for mange gründerar vert sitjande aleine heime meiner han.

Etter ein kort presentasjonsrunde, fekk ein eit lite innsyn i statusen til dei ulike deltakarane. Nokon hadde allereie eit ferdig produkt medan andre var tidleg i tankeprosessen. 

Strategisk rådgjevar i Innovasjon Noreg, Claus Gladyszak, var foredragshaldar og inspirator. Med foredraget sitt fekk deltakarane innføring i korleis ein kan utarbeida ein forretningsmodell (CANVAS) på ein enkel og oversiktleg måte. Ved hjelp av både teori og praktiske oppgåver i grupper utvikla det seg stort engasjement og god stemning i rommet. 

-Ein må ikkje vera redd for å ta kontakt med oss. Me arrangerer slike møter for å hjelpa gründerar i kommunen vår. Me vil vera med på å skaffa arbeidsplasser slik at fleire folk vil flytta til Tysnes, fortel Helge Drange. 

 

Tysnesingen.no tok «pulsen» på tre av deltakarane

Ei av dei som allereie har eit utvikla produkt er Jeanette Olsen. Produktet hennar heiter Bio Power Protection (BPP) og er 100 prosent naturleg. Bruksområdet er hovudsakleg knytta mot hudproblem hos hester og andre husdyr.

-Kvifor er du her i dag?
-For eg er kvinneleg gründer og har eit produkt å promotera.

-Eit av måla med denne samlinga var å inspirera. Vart du inspirert?
-Ja, absolutt.

-Kor lang har prosessen vore frå idè til ferdig produkt for deg?
-Tanken har vel vore tilstades i 15 år, men tida frå eg starta å eksperimentera til produktet var ferdig tok berre ein sommar. Produktet har vore testa over fleire år før eg satte det til disposisjon for marknaden i 2012. Tilbakemeldingane har vore einestående og overveldande positive.

-Kva utfordringar har du møtt på undervegs?
-Det er klart at ein møter på mange utfordringer. Eg har vore sjølvstendig næringsdrivande før ved drift av skog, fôrproduksjon, hatt eigen blomster- og gåvebutikk, samt hesteoppdrett. Men eg har aldri laga eit eige produkt i denne kategorien, så her kjem det inn heilt andre reglar. Dette med økonomi, lovar, import, eksport, patentering, og mykje meir.

-Har du nokon generelle tips til andre gründerar som er i startfasen av å utvikla eit produkt/starta eigen bedrift?
-Ta kontakt med kommunen din, Atheno eller Innovasjon Noreg. Få råd og veiledning frå andre med denne type erfaring. Stol på deg sjølv! Det å tørra å ta sjansar, og ikkje gje opp dersom du har tru på produktet ditt.

 

-Kvifor er du her i dag?
-For å få inspirasjon.

Eit av måla med denne samlinga var å inspirera. Vart du inspirert?
-Både og.

 

-Kvifor er du her i dag?
-Eg ynskjer å starta aktivitetar/prosjekt på småbruket vårt.

-Eit av måla med denne samlinga var å inspirera. Vart du inspirert? 
-Ja, veldig bra kurs og kjekt med arbeid i grupper. Det vart nesten litt teambuilding.

 

Ny samling i mars

Kjetil Djuve frå Atheno fortel at han var svært nøgd med dagens gründerpuls-samling her på Tysnes.

 -Alle som var her i dag fekk ein smakebit av eit knallgodt verktøy som eg håpar gründarane er nyfikne på å bruka. Eg synst det er viktig å tenka utanfor boksen og våga å tenka utradisjonelt.

-Eit av måla med denne samlinga var altså å inspirera. Trur du at dette målet vart nådd?

-Ja, det trur eg. I tillegg trur eg at dei som var her vart litt kjend med kvarandre, mykje på grunn av all den praktiske øvinga me fekk, avsluttar Kjetil Djuve.

Neste Gründerpuls på Tysnes er torsdag 07. mars i dei same lokala. Tema for samlinga vert korleis ein kan bruka Altinn og Brønnøysund som verktøykasse.