KlovneYoga

Publisert av: Martha Nygård Lande
23/7/2020 09:46

KlovneYoga, kva er det, lurer du kanskje på?

Dei siste vekene har Suzanne Rochette og Madeleine Straume kjørt rundt på sørlandet og i Rogaland, og klovna rundt i gatene. Dei har til og med vore på ein campingplass på Karmøy.

Ideen om klovneyoga fekk dei då dei lurte på kva dei skulle finne på av artige klovneidear når dei kom fram til Tysnes. Yoga treng ikkje være så seriøst, så dei ynskjer å tilby ein aktivitet der alle, uansett alder eller kondisjon, kan vera med, men med klovner som instruktørar. For, som dei seier: «kven har sett det før?» For dei handlar det om å dele eit fint øyeblikk saman, der ein er aktiv, men også kan le.

Klovneduoen starta klovnepartnerskapet i fjor sommar, utenfor Spar i Våge. Dei klovna der medan dei promoterte for eit teater og klovnekurs som Madeleine holdt i Lunde i fjor sommar. Etter det har dei klovna på gatene her i Norge, og klovneyoga er berre enda ein måte der ein kan underhalde folk på, og tillegg gje fysisk aktivitet til dei som ynskjer det.


Både Suzanne og Madeleine bur i København. Madeleine er skodespelar, gateklovn, sjukehusklovn og teaterlærar. Suzanne er idrettslærar, gateklovn, poet og snart stand up komiker.


Mumu, som vert spelt av Madeleine, har hatt bestemor og bestefar buande på øya heile livet. Kattanes er min heim, seier ho, og eg har budde her i fleire kortare perioder i barndommen, og feira dei fleste jul- og sommarferier her.

Suzanne Rochette er både klovnekollega og sambuar, og er difor naturleg med når det er sommerferie på Tysnes, avsluttar Madeleine Straume.

Har du lyst til å prøve noko nytt, kan du være med på klovneyoga i Våge på laurdag.